Ved avdelinga vår i Førde har vi ledig stilling som bilmekanikar!
Her vil du jobba på eit lag der trivsel, arbeidsmiljø og samarbeid er viktig. Me er ein triveleg gjeng som brenn for bil og gode kundeopplevingar og håper du gjer det same.
Hos oss vil du få jobba med to av dei beste bilmerket i verda, Ford og Hyundai!
Me søker deg som
- Har fagbrev som bilmekanikar, eller relevant erfaring.
- Har lyst til å jobba med sterke merkevarer hos ein solid forhandlar
- Er løysnings- og resultat-orientert
- Er serviceinnstilt, kvalitetsmedvite og har gode samarbeidsevner
- Har evne til å kommunisera på norsk munnleg og skriftleg
- Ynsker å utgjere ein viktig del av eit fantastisk mekanikarteam som spelar kvarande gode
Oppgåver
- Service og vedlikehald
- Reparasjonar
- Diagnose og feilsøking
- Programmering
Vårt løfte til deg
- Stilling som bilmekanikar i eit solid bilkonsern
- Vi har eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som er engasjerte og opptekne av å prestera godt saman.
- Jobben inneber moglegheita til ein allsidig og variert arbeidskvardag som du i stor grad styrer sjølv.
- Du vil jobba i ei bedrift med ein offensiv strategi, med svært spennande produkt, no og for framtida.
- Ein jobb med mykje ansvar, god opplæring og konkurransedyktige vilkår, inkludert moglegheit for bonus
- Deltaking i iportøren sitt utviklings- og kompetansehevingsprogram, dette sikrar sterk og god merkekompetanse
Auto 8-8 er ei bedrift med framoverlent strategi, med svært spennande produkt båd no og for framtida. Bedrifta er godkjent lærebedrift og gir gjennom dette moglegheit for å styrke rekrutteringa til bilbransjen. Bedrifta er sertifisert Miljøfyrtårn.
Vi tilset fortløpande. Vil du vite meir, ta kontakt med ettermarkedssjef Arild Åsen, tlf 928 16 260 eller dagleg leiar Ole Nikolai Løbø, tlf 977 60 004